Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Kjære bestemor og Ingfrid.
Takk for alle gode minne, frå somrar på Voss og barndom i Vågå, til overnattingar i Sandefjord og fine restaurantbesøk i Oslo.
Du har alltid vore ei trygg og god bestemor, sjølvstendig, sprek, skarp og med eit imponerande minne.
Eg hugsar kanskje ikkje alltid dei konkrete augneblinka, men eg hugsar kjensla av at du alltid var der.
Takk for alt.❤️
Kjære bestemor og oldemor.
Takk for livet du oss gav. Takk for alt du oss lærte. Takk for alle samtalar, leksehjelp og gode råd. Takk for alle fine stunder. Takk for alle timar med brettspel, kortspel og høgtlesing. Takk for di grenselause varme og kjærleik. Takk for alle bestemorklemmar. Takk for deg og takk for meg.
Eg avsluttar med eit sitat av ein fire-fem år gamal Martin Damstuen:
"God natt. Sov godt. Drøym søtt og gla ti de!"